"Den som leser mye, får av og til lyst til å skrive"
-George Crabbe
Presentasjon av boka
"Rumpemelk fra Afrika" og forfattaren Erlend Loe
I tillegg til å vere romanforfattar skriv Erlend Loe også filmmanus og har skreve manus til ein ballett som heiter ”Maskuline mysterier.” Loe skriv på ein ironisk og morosam måte som både vaksne og born liker. Boka ”Rumpemelk fra Afrika” inneheld både ironi og humor i ei verd der borna og deira fantasi har hovudfokuset. Med stor kontroll formidlar han historia om Marco, ein gut som kjeder seg og er tørst. Når Marco får velje drikke til middagen ynskjer han seg rumpemjølk. Men dei vaksne seier at det ikkje fins, sjølv om Marco fortel dei at rumpemjølk faktisk fins og kjem frå Afrika! Til slutt blir Marco irritert, for dei vaksne forstår ingenting! Heldigvis kan han sjølv ta kvart-over-fem bussen til Afrika for å finne rumpemjølk.
”Rumpemelk fra Afrika” er ei fantastisk biletbok berekna på born i alderen 3-8 år. Boka inneheld fargeglade og store illustrasjonar laga av den norsk-svenske scenografen og illustratøren Alice Bjerknes Lima de Faria. Boka eignar seg best til høgtlesing, då bokstavane og orda kan vere strevsamme både å lese og forstå tydinga av.
Boka eignar seg godt til bruk i skulen på dei minste trinna (1.-3.trinn) då den innbyr til samtale og spørsmål rund alt det fantastiske Marco møter på sin leiting etter rumpemjølk i Afrika. Boka kan difor for eksempel nyttast som innleiing til samtale om landet Afrika og dyra som bur der, samtale om fantasi og verkelegheit, det å bli trudd på, venskap og høflegheit. Eller, ein kan nytte seg av alle dei nye og rare orda som ikkje nødvendigvis gir elevane meining utan ei forklaring. Boka kan da nyttast i forbindelse med omgrepsinnlæringa. Under har eg skreve ned ord og uttrykk frå boka som kan være framande og kanskje treng ei forklaring.
Boka inneheld også nokon ord som vi vaksne kanskje ikkje ynskjer at borna skal ta i bruk, særskilt om andre. Desse orda kan det vere greitt at ein snakkar med elevane om:
Drittgribb Raringene Dustete
Denne boka har verte ein hit i heimen vår, der begge gutane mine på 4 og 7 år set pris på å bli lest høgt for. Eg har også lest boka for nokon av venen til min eldste gut, noko som førte til at boka ei tid gikk på rundgang i venegjengen. I skulesamanheng har eg lest boka til ei lita elevgruppe på 3.trinn, som utgangspunkt for samtale om forskjellen på fantasi og verkelegheit, og korleis fantasien vår starter å arbeide, særskilt når vi kjeder oss, men også når vi les bøker. Eit fellestrekk med alle desse borna som eg har lest boka til er at dei ynskja alle at eg skulle lese den ein gong til. Eg trur ”ein gong til” er noko som beskriv korleis boka verkar på borna. Boka anbefalast difor for både høgtlesing i heimen, høgtlesing i skulen og som utgangspunkt for litterære samtaler blant dei yngste elevane i skulen.

Kjelder:
- Hennig, Å. (2012). ”Effektive lesere snakker sammen. Innføring i litterære samtaler.” Gyldendal Akademisk.
- Loe, E. (2012). ”Rumpemelk fra Afrika.” Cappelen Damm AS.
- Nilsen, A.G., Hovde, K.-O. og Norsk forfattersentrum. (2014). “Erlend Loe.” Artikkel i: Store norske leksikon (2005-2007). Hentet 06.04.15 frå: https://snl.no/Erlend_Loe